Wednesday, September 16, 2009

Snart fotoutstilling, gamle kameraer og MJ this is it!! <3

Først vil eg berre skrive at eg gledar meg utruleg mykje til den 28. oktober. Det blir heilt rått, men samtidig trist og rørande.

Til dykk som ikkje har fått det med seg så skal MJ sine sisste opptak før hans død vises på kino. Å kor eg gledar meg, men å kor eg kvir meg.. Eg er redd eg kjem til og gå tårevåt derifrå. Det er jo fortsatt ein månad til, men likevel tenker eg på det kvar dag…

Sånn er det no berre.

For ein flott mann!

hehe,

Jaja, over til det andre. Eg og resten av fotoklubben eg går i nermar oss utstilling snart. Det blir 30-31. okt. og skal vere på Vaksdal Senter, alle bygdefolk: KOM og sjå. Det blir utruleg mykje bra!!

Gamle kamera ja. Det har eg virkeleg sansen for, dei er utruleg fasinerande, og ikkje minst fine! Eg har nokon frå før av, men grunna min samlemani(neida, eg har berre 2stk gamle frå før) har eg kjøpt meg 2stk nye “gamle” kamera, dei er frå 1950-tallet og heiter så mykje som “baby brownie” og “kodak duaflex II” Skal bli kjekt og få prøvd dei ut.

Så vil eg fortelje om den fantastiske butikken i Bergen der dei selger brukte kamera. Den er berre himmelen. Eit hav av alt du kan tenke deg og til ein billig penge.

Og sånn btw, Til alle polaroid elskande fotograferande skapningar: Dei har massevis av 600film der, til berre 250kr per pakke. Det høyres dyrt ut men er svinbillig i våre dager.

Ok, eg må tilbake til skulearbeidet, så eg ikkje får “line, kvifor har du ikkje gjort leksa di??” i trynet på skulen i morgon. Skulen er viktig!!

Likar du gamle kamera???

No comments:

Post a Comment